Galskap

Rømlingane er fanga.

Ein posse frå Kongsetra har brakt rømlinga til sin soningsanstalt att, under delvis sterke protester. Den brune geita, med fascistiske tendenser blei tjora til hengerkroken og motorisert slepa bort frå gardstunet på gnr 115. bnr 2 og til gnr 115, bnr 20 Kongssetra. Dei andre prøvde å stikke seg bort frå fangefølget, men sheriff Stor-N i samarbeid med marshall I greidde med lange steg i rask rekkefølge å bringe "the wild bunch" tilbake til si innhegning.

Anke blei levert både til fangevoktarane, til storbonden og alle andre som var i nærleiken, utan at at den sjølvutnemde høgsterett tok anken til følge. På grunn av delvis god oppførsel etter rømninga blei flokken belønna med ein saltstein. Saltsteinen skapte noko indre uro i flokken, men etter diverse utvekslingar av argumenter blei rekkefølge for bordsetjinga der klarlagt. Geita Helga, ho med hitlersveis på ryggen, forsynte seg kraftig, og må no nærast reknast som levande speke-mat.

Det har vore etterforska ein del på kva som skjedde under rømninga og ting tyder på at det er ei kasjmirgeit om har leia ann i flukta. Sidan det ikkje var vitne til hendinga er det vanskeleg å koma nærare ei løysing. Sheriiff Stor-N og Marshall I har tilbrakt kvelden ved panoramavindauget sitt for å følge med på eventuelle nye fluktforsøk, og vart vitne til nye forsøk. Utbetringar av gjerde er gjort og meir straum er kobla til, til NEAS store glede.

Saken vert oppdatert ved eventuelle ny utvikling i saka.

Oppdatering om fluktgeiter.

Frå Kongssetras sjølvutnemde politikorps meldas det at dei har måtte innføre bandtvang på alle vaksne kasjmirgeiter for å unngå nye rømningar. Dette har medført delvis irritert mekring frå ull-geita, ,men og skadefro ramsing frå landgeitene.
Ytterlegare tiltak vil verte utreda, og det vil verte vurdert å innhente eksperthjelp frå Ila landsfengsel. Eigarane av desse kreatura er ikkje tilhengarar av opa soning

Rapport fra sæterlivet.

Det har vært særdeles varmt på Kongssætra i dag,dette har medført tildels rolige fanger. De to kasjmirgeitene som er opphavet til rømningene ble som nevnt i går tjoret fast med tau til hvert sitt tre.
Vi fikk et forslag fra kårkaillen om hva som kunne hjelpe (det funket på okser nemlig) ,så vi tok en ekspedisjon til BYTÅS for å kjøpe inn nødvendige remedier. Ekspeditrisen hevet øyenbrynene da undertegnede ba om 'KJETTING takk,og den skal kunne lede strøm!' , hun mente at det hørtes 'avansert' ut (les : kinky) Vi forsøkte å forklare hva vi skulle bruke dette til,men av ansiktsutrykket kunne man tydelig se at hun tenkte 'jah,særlig!'
Fangene ble sluppet fri fra tauene sine,påmontert hver sin kjettinglenke,og alt var fryd og gammen frem til klokka 20:48.Da skulle de ut,og ut gikk de.........
Nevnte kårkaill må påregne utsagn som 'var det sånne femi-okser du hadde sa du?'

I ,fra Kongssætra ,redd for at d er kinky S/M geiter som har kommet til seters

Ufrivillig soning.

Fangevokter I skulle gi fangene den daglige rasjonen vann og brød seint i går kveld. Det hadde regna godt i hele går,som kjent blir det meste veldig vått under sånne forhold. Når I skulle UT av innhegninga igjen var det strøm også i låsemekanismen på grinda.................

Aktivitet.

Dei siste dagar har geiteflokken vore prega av hektisk brunstaktivitet, der det ser ut som alle bukkane tek del. Grabukken Bjarne er travelt oppteken med å forsvare sine kvinner, medan stribukken Will og Stabukken Johnny gjer sitt beste for å spreie sine gener. Sjølv Jokke og Jokke prøver seg, dog med mindre hell sidan dei ikkje rekk høgt nok opp. Denne aktiviteten finn stad såvel i nattas mulm og mørke som i fullt dagslys, sjenanse er svært fråverande kan det sjå ut som. Ut i frå tidspunkte denne aktiviteten skjer vil det høgst sannsynleg kome kje allereie frå seint desember og tidleg januar.

Det er tydeleg at slektskap ikkje vert vurdert av dei innvolverte partane, noko som tyder på at opptil fleire av geitene må seiast å ha ein slett moral.

Gjerde.

Etter ein omfattande gjerdearbeid med høgt gjerde til naboars tilfredsheit, har geitene oppdaga at gjerdet har ei bakside av heller dårleg kvalitet. Den etterkvart identifiserte problemgeita, det luras sterkt på om den hadde ein trasig barndom, leia flokken an og byksa over det gamle gjerdet. Etter tre stogga fluktforsøk i løpet av dagen planleggast det utbetringar av gjerdet i løpet av dei næraste dagane. Ein skal ikkje sjå bort frå at det gamle gjerdet vert utvida i opptil fleire retningar.

Geitane blei stogga etter bøtteprinsippet, og storbonden byrjar no å mistenka geitene for å bedrive rømming for kvar gong dei har lyst på kraftfor.


The neverending story.

Storbonden har i dag med tung pust og sveitt panne reparert den mest tilårskomne delen av geitegjerdet, og hadde godt med tilskodarar i form av dei til tider fengsla geitene. Dei synte tydeleg stor interesse for arbeidet, men kom med diverse mishagsytringar etterkvart som dei såg arbeidet langsamt skrida fram. Då den siste krampen var slegen i, blåste dei to mest ihuga rømlingane av arten norsk mjølkegeit i sine respektive nasebor og la på vandring langs gjerdet. Storbonden innsåg at verken kondisjonsmessige tilhøve eller andre formidlande omstende kom til nytte her, og måtte lettare frustrert innsjå at dei var på veg mot eit for han kjent hol i gjerdet. Da geitene ikkje tildlegare hadde teke vegen langs gjerdet hadda han eit lite, men ubegrunna håp om at han rakk å tette dette før geitene fann holet. No går geitene ved grinda og mekrer på sitt mest kravstore sett og venter på den vanlege belønninga for å møte opp ved grinda. Ein lettare frustrert storbonde uttalte at no var det mat, så no fekk gjerding vere gjerding ei stund.

Klimaflyktninger.

I går 30.08 foretok alle geitene eit kraftig og samordna åtak på gamlaste delen av gjerde med den konsekvens at dei erobra sin urettvise fridom for ei kortare tid. Dette skjedde under eit kraftig regnskyll, og årsaken til fridomtrongen hjå geitene var ikkje ønske om å tilegne eg føde i form av ripsbærbusker eller epletre, men den opne låvedøra. Storbonden høyrde ein bjelleklang som berre kan skildrast som klokkespelet i Oslo Domkyrkje der flokken kom med betemt og låst kurs mot låvedøra. Dei kom seg inn under tak, og såg letta ut over å ha funne tilflukt. At dei følte seg heime er heva over ein kvar tvil, da den eine nytta høvet til å lese storbondens nyinnkjøpte VG med stor iver og grundigheit. Då Storbonden foretok ein utkastelse av dei uønska okkupantane, nytta dei høvet til å ta kursen mot inngangsdøra på huset. Etter ein del diskusjonar om kvar dei skulle opphalde seg, fekk dei innvilga midlertidleg opphaldsløyve i fjøset. Der har dei sidan slege seg til ro og står der og kikker nøgd ut fjøsdøra medan dei tygger drøv med stoisk ro. Storbonden forventar at klimaflyktningane vil oppsøke sine rette beitemarkar når verforhalde tillet dette.

Misnøye.

Frå Brønnhusekra og geitteigen meldes det om irritert snøfting og misnøye over storbondens siste framstøt på gjerdefronten. Vel eit døgn etter siste staur var sett på plass har framleis geitene enno ikkje funne nye hol å rømme ut av. Vi er kjende med at det er moglegheiter for andre og til no ukjende hol, så vi lever i spaning om kva som kjem til å skje.


Kje.

Den tidlegare omtale hektiske aktivitet av bukkane for 5 månaders tid sidan har no resultert i 2 stk kje. Dei to ankomne er ved god helse og godt mot, og mødrene har det etter forhalda meget bra. Far, sannsynlegvis Grabukken Bjarne syner skuffande liten interesse for sitt avkom, og er difor plassert saman med Johhny og eksemplarer a2 v det maskuline slaget av sau. Dei to geitebukkane driv å diskuterer politikk så det smell i veggane, og ser enno ikkje ut til å verte enige om kva som er rett. Dei byttast på å representere høgre og venstresida, noko som gjer at storbonden er noko usikker på kva striden eigentleg går ut på.

Søknad (20.april 2011)
Det ble lagt inn en (ikke skriftlig,men praktisk) søknad ang å igjen få strøm i gjerdet på sikringsanstalten Kongssætra.
Denne er herved innvilget.
Arbeid med strømførende tråd vil bli utført i morgen,altså på selveste SKJÆRTORSDAG.
Det er usikkert om hele flokken er samstemte om søknaden,men dette tas ikke til etterretning.
Søknaden ble lagt inn av Will,samt to ettårige hunkjønn av type kasjmirgeit,heretter kalt Thelma og Louise.

Eventuelle uregelmessigheter på strømnettet de nærmeste dagene,har altså sin helt naturlige forklaring. (grill-geit)